Prisar og vilkår
Prisane er under føresetnad av kommunestyrevedtak. Endeleg hamneregulativ blir vedteke av Giske kommunestyre, og publisert på denne sida.
Hugseliste før ankomst
- Alle fartøy som skal rapportere anløp til Giske Hamnevesen gjer dette via SafeSeaNet, og melder mannskaps- og passasjerlister her.
- Viss du fell utanfor raporteringskrava og ikkje kan bruke SafeSeaNet skal du melde til hamnevakta per e-post: hamnevakt@giskehamn.no eller via vakttelefon +47 91 70 50 60
- Giske hamnevesen fakturerer vederlag, gebyr, avgifter m.v. kvar månad.
Kaivederlag
Kaivederlag vert berekna etter fartøyet sin bruttotonnasje (BT), og er fartøyet sin betaling for bruk av hamnevesenet sin kai- og fortøyingsinnretningar. Fartøy kan ligge til kai for den pris som til ei kvar tid er angitt i regulativet for offentlege kaier.
Fullstendige vilkår ligg i hamneregulativet, som blir publisert når dette er vedteke i kommunestyret.
Kaivederlag ekskl. ISPS sikkerheitsvederlag
Bruttotonnasje | Intervall | Sats pr. tonn |
|---|---|---|
For dei første | 0 – 300 | kr 0,97 |
For dei neste 300 | 301 – 600 | kr 0,99 |
For dei neste 600 | 601 – 1 200 | kr 1,01 |
For dei neste 800 | 1 201 – 2 000 | kr 1,06 |
For dei neste 3 000 | 2 001 – 5 000 | kr 1,11 |
For dei neste 5 000 | 5 001 – 10 000 | kr 0,56 |
For alt over | 10 000 | kr 0,77 |
Minstepris kaivederlag: kr 284 pr. døgn.
Det er fritak for norske orlogsfartøy, politi, brannvesen, Redningsselskapet og kommunale beredskapsbåtar, Kystverket, skuleskip og lokale fiskarar som driv kaisal. Detaljert beskrivelse av fritaksordninga er fastsett i hamneregulativet.
Miljørabattar
Du kan søke hamnevakta om rabatt. For cruise blir det gitt rabatt etter søknad etter ESI-score. Det gjer vi også for fatøy som nyttar LNG til straumproduksjon ombord under opphaldet.
Varevederlag
Varevederlaget er betaling for bruk av kaiareal som er eigd eller disponert av Giske hamnevesen. Nærmare beskrivelse av definisjonar, unnatak og rabattordningar finst i hamneregulativet.
Varevederlag – satsar pr. klasse
Klasse 1 – Stykkgods | Pris | Eining |
|---|---|---|
Alle varer som ikkje er nemnt under klassene 2 eller 3, vektvarer | kr 12,31 | pr. tonn |
Alle varer som ikkje er nemnt under klassene 2 eller 3, kubikkvarer | kr 11,70 | pr. m3 |
Klasse 2 – Bulkgods | Pris | Eining |
|---|---|---|
Potet, salt, korn, mjøll, gjødsel, sement, alt i sekkar, samt alt avfall av blikk, jern eller stål, bulklast av sement, jord eller liknande | kr 9,98 | pr. tonn |
Bulklast av sand, singel, grus eller liknande | kr 6,23 | pr. tonn |
Bulklast av asfalt | kr 6,23 | pr. tonn |
Klasse 3 – Spesialgods | Pris | Eining |
|---|---|---|
Tømmer/treflis/trelast | kr 5,67 | pr. m3 |
Jern og jernplater, armeringsjern, blikk, drensrør, massivt støypejern, klorkalsium etc. | kr 10,46 | pr. tonn |
Marine gassolje | kr 7,99 | pr. m3 |
Fiskeolje, baseolje, ensilasje, frysevæske og metanol | kr 10,46 | pr. tonn |
Brakker og campingvogner | kr 69,61 | pr. stykk |
Fisk foredla, uforedla og levande | kr 10,46 | pr. tonn |
Person- og varebilar | kr 57,81 | pr. stykk |
Traktorar | kr 69,61 | pr. stykk |
Lastebilar og bussar under 10 tonn | kr 139,20 | pr. stykk |
Lastebilar, bussar og anleggsmaskiner over 10 tonn | kr 243,72 | pr. stykk |
Båtar inntil 15 fot | kr 57,81 | pr. stykk |
Båtar over 15 fot | kr 75,43 | pr. stykk |
Spesial- eller prosjektlast* | Etter avtale |
Minstepris varevederlag: kr 107,94 pr. lasting/lossing.
*Ta kontakt med GH dersom du er usikker på om lasta vert definert som prosjektlast.
Det blir også ilagt vederlag for vareopplag på kai og containeropplag
Vareopplag på kai (overliggande vare)
Blir varer med hamnevakta sitt løyve liggande lenger enn 48 timar på kai, eller er varene lagt i vareskur, skal eigaren, mottakaren eller vedkomande ekspeditør/kommisjonær betale for kvart døgn eller del av døgn etter følgjande satsar:
Oppbevaringsstad | Pris | Eining |
|---|---|---|
Oppbevaring i lukka pakkhus eller skur | kr 2,20 | pr. m2 |
Oppbevaring på open kai, bak areal | kr 1,10 | pr. m2 |
Oppbevaring på open kai, kaikant | kr 2,20 | pr. m2 |
Containeropplag
Det vert ikkje krevd vederlag dei første 48 timane.
Containerstørrelse | Pris | Eining |
|---|---|---|
Lagring av 20 fots containar | kr 27,09 | pr. døgn |
Lagring av 40 fots containar | kr 54,18 | pr. døgn |
Straum til frysecontainarar (når tilkoblet) | kr 335,- | pr. døgn |
Parkering, lastebilar og trailarar
Lastebilar og trailarar betalar 50 kr per besøk i vederlag.
Det er eige vederlag for parkering per døgn
Type | Pris | Eining |
|---|---|---|
Bussar, lastebilar, trailarar, og andre større køyretøy/transportmateriell | kr 200,- | pr. døgn |
Personbilar og mindre køyretøy | kr 100,- | pr. døgn |
Eigar eller ekspeditør skal rapportere månadleg til GH tal på køyretøy/transportmateriell som i løpet av månaden har vore oppstilt på hamnevesenet sine kaier/område.
ISPS-sikkerheitsvurdering
For skip som kjem til IPSPS-godkjente hamneanlegg er det eit eige sikkerheitsvederlag. Pirkaia i Gjøsund hamn er ISPS-anlegg. Det tyder at vi er underlagt eit reglement for sikkerheit, ISPS (International Ship and Port Facility Security Code). Dette er ein internasjonal standard som skal førebyggje og bekjempe terror, sabotasje og anna kriminalitet. Du kan søke hamnevakta om ISPS-tilgang. Ta kontakt per e-post eller telefon for å få tilgang.
ISPS sikkerheitsvederlag
Type | Sats |
|---|---|
ISPS sikkerheitsvederlag for fartøy som ankjem ISPS-godkjente hamneanlegg | 30 prosent av kaivederlag* |
Type | Sats | Eining |
|---|---|---|
ISPS sikkerheitsvederlag for fartøy i utanrikstrafikk, ved bruk av ISPS sikkerheitsvakt | kr 16,- | pr. passasjer |
Minstepris ved bruk av ISPS sikkerheitsvakt | kr 13 000,- | pr. anløp** |
*av brutto kaivederlag
**minstepris gjelder 12t liggetid ved kai, deretter kr 1850,- pr time
Vederlag for ISPS-adgang
Type | Pris | Eining |
|---|---|---|
E-læringskurs | kr 500,- | pr. kurs |
Årsgebyr ISPS adgangskort og utferding av nytt ISPS adgangskort | kr 350,- | pr. år |
Korthaldar | kr 100,- | pr. stykk |
ISPS kjøretøytillatelse (for innpassering ISPS-område) | kr 300,- | pr. år |
Adgangskort Gjøsund hamn - terminalen | kr 200,- | pr. stykk |
Mellombels besøkskort kan lånast utan kostnad. Besøkskort som ikkje blir returnert innan 14 dagar etter avtalt tilbakelevering, blir belasta med kr 400,- pr. stykk.
Vatn og straum
Det er eigne vederlag for vatn og straum. Landstraumsanlegget i Gjøsund hamn har eigne satsar
Vederlag for levering av vatn
Type | Pris | Eining |
|---|---|---|
Levering av ferskvatn til skip | kr 36,50 | pr. m3 |
Til- og fråkobling i ordinær arbeidstid, mån–fre 08.00–16.00 | kr 841,50 | pr. levering |
Til- og fråkobling utanfor ordinær arbeidstid, 16.00–08.00 + helg og helligdagar | kr 1 683,- | pr. levering |
Vederlag for levering av straum
Brukarar av landstraumanlegg utan standardisert plugg for tilkobling og som ønskjer tilkobling, kan gjere dette til ein fast kostnad på kr 4 850,- innanfor ordinær arbeidstid. Dette er kostnadar for bruk av nødvendig ekstern autorisert installatør for til-/fråkopling.
Type | Pris | Eining |
|---|---|---|
Straumlevering over målar, 220v/400v | kr 2,00* | pr. kWh |
Til- og fråkobling i ordinær arbeidstid, mån–fre 08.00–16.00 | kr 280,- | pr. levering |
Til- og fråkobling utanfor ordinær arbeidstid, 16.00–08.00 + helg og helligdagar | kr 561,- | pr. levering |
Til- og fråkobling, Gjøsund hamn landstraumsanlegg, mån–fre 08.00–16.00 | kr 618,- | pr. levering |
Til- og fråkobling, Gjøsund hamn landstraumsanlegg, 16.00–08.00 + helg og helligdagar | kr 1 236,- | pr. levering |
Straum som blir levert utan målar | kr 60,- | pr. døgn |
* Med atterhald om store prisendringar frå straumleverandør.
Assistanse til fortøying
Vi kan tilby assistanse til fortøying.
Type | Pris | Eining |
|---|---|---|
Fortøyning/lauskast i ordinær arbeidstid, mån–fre 08.00–16.00 | kr 1 200,- | pr. time pr. personell |
Fortøyning/lauskast utanfor ordinær arbeidstid/vaktordning, 16.00–08.00 + helg og helligdagar | kr 2 000,- | pr. time pr. personell |
Eventuell fortøyningsbåt blir fakturert i tillegg etter eigne satsar.
Leige av personell
Vi tilbyr utleige av personell. Minstepris er for 2 timar.
Type | Pris | Eining |
|---|---|---|
Innanfor ordinær arbeidstid, mån–fre 08.00–16.00 | kr 841,50 | pr. time* |
Utanfor ordinær arbeidstid (50 prosent) | kr 1 262,20 | pr. time* |
Utanfor ordinær arbeidstid (100 prosent) | kr 1 683,- | pr. time* |
*Minimum 2 timar
Avfallshandtering
Skipsføreren på alle skip som er undervegs til ei hamn innanfor EØS-området, unntatt rutegåande skip, fiskefartøy og fritidsbåtar godkjent for høgst 12 personar, skal gi melding om levering av avfall og lasterestar i hamna;
- minst 24 timar før anløp, dersom anløpshamna er kjent,
- så snart anløpshamna er kjent, dersom denne opplysninga først er tilgjengeleg mindre enn 24 timar innan anløp, eller
- seinast ved avgang frå foregåande hamn, dersom reisa varer mindre enn 24 timar.
For anløp ved offentlege terminalar med avfallsmottak blir fartøy fakturert etter følgjande satsar:
Avfallsgebyr for fiskefartøy, brønnbåtar, tørrbulk og tank
Type | Sats | Eining |
|---|---|---|
Fartøy inntil 300 BT | kr 156,- | pr. anløp |
Fartøy mellom 300 og 1 000 BT | kr 388,- | pr. anløp |
Fartøy mellom 1 000 og 3 000 BT | kr 499,- | pr. anløp |
Alt over 3 000 BT multipliserast med | kr 0,29 | pr. BT |
Tilleggsgebyr og andre fartøytypar
Type | Sats | Eining |
|---|---|---|
Tilleggsgebyr for levering av farleg avfall. Minstesats settast til kr 350. | kr 0,11 | pr. BT |
Tilleggsgebyr for offshorefartøy | kr 0,29 | pr. BT |
Tilleggsgebyr for mannskap over 20 personar | kr 7,50 | pr. mannskap |
Avfallsgebyr for cruise/passasjerfartøy | kr 7,50 | pr. passasjer |
Avfallsgebyr orlogsfartøy | kr 7,50 | pr. mannskap |
Hentegebyr for henting av avfall på kaier utan faste avfallspunkt
Type | Sats | Eining |
|---|---|---|
Henting innanfor ordinær arbeidstid | kr 841,50 | pr. gong |
Henting utanfor ordinær arbeidstid | kr 1 683,- | pr. gong |